VossaRebels og DJ Moonshiner - SIDERFEST 2018

Arrangementsinformasjon

The VossaRebels, dei er frå Voss, ja – spelar på årets Siderfest under Siderfestivalen i Hardanger 5-7 oktober. Dei fekk dommarane i årets Norske Talenter til å bryte ut i spontan dans, og Bjarne Brøndby ville synge i bandet!  Det vert cool og autentisk rockabilly spela av dei tøffaste gutane i klassa!

DJ Moonshiner har delt scene med både Gunslingers og Rotlaus. Han kombinerer det beste frå den nyaste og moderne countrymusikken med god norsk «Bygdacountry».

@siderfestival
@vossarebels
djmoonshiner